Treng du material, spesialvirke, leigesaging, flis, tremøblar eller andre spesialprodukt frå bygdesagene?
Her kan du legge inn ein uforpliktande førespurnad på produkt til våre medlemmar.
Fyll ut skjemaet med ein fullstendig beskrivelse av kva du ønskjer, så vil dette gå til alle medlemmane i Norsk Bygdesagforening. Du vil deretter motta eit uforpliktande tilbod, dersom nokre av medlemmane kan tilby deg det du er ute etter.
Dersom du ikkje får nokon respons på førespurnaden din, kan du også ta kontakt med aktuelle leverandørar direkte. Du finn alle våre medlemmer her. Dobbeltklikk på namnet til leverandøren, så får du opp all kontaktinformasjon (telefon, e-post, adresse m.m.).
NB! Du kan sortere leverandørane fylkesvis. Sett markøren på "fylke" og dra denne opp på den grå linja ovanfor.
Dette er ei teneste levert av Norsk Bygdesagforening for å skape kontakt mellom deg som kjøpar og foreninga sine medlemmar som leverandørar. Norsk Bygdesagforening er ikkje ansvarlege for avtaler som vert inngått mellom kjøpar og seljar eller forhold rundt dette.
|