Sjå meir på det store utvalget i trelast fra norske bygdesager.

Mange av medlemane i Norsk Bygdesagforening produserer heilt unike produkt. Dette fordi dei handterar kvar enkelt tømmrerstokk og vurderer kva den er best eigna til. Dette gjeld både i styrke, haldbarheit og estetikk. På bygdesagene finn du god kompetanse på materialkvalitet og gode råd når det gjeld bruk og montering.

Du finn også standard trelast på mange av bygdesagene, men det er er dei unike produkta medlemmane er mest stolte av.

Les om våre produkter eller ta kontakt med foreininga eller den enkelte leverandør for meir informasjon.

Sjå medlemslista vår for å søke opp bedrifter som leverer produkt du ønsker å finne.

Er du på jakt etter spesielle materialer kan du også legge inn ein forespørsel i skjemaet HER så sender aktuelle produsentar deg eit uforpliktende tilbud.

Ved, flis, prosjekttilpassa trelast osv.

Dei fleste medlemmane våre produserer materialer til bygg, men det er mange som også leverer ferdige bygg, då særleg mindre bygg som grillhytter, garasjer, naust, gapahuker, leikehytter, paviljongar osv. Eit fåtal leverer element og kan ta større prosjekt som bustadhus, driftsbygninger og så vidare. 

Bygdesagene sin fleksibilitet gjer at du kan velge konstruksjon, panel, kledning og så vidare tilpassa ditt ønske. Om du ikkje ønskjer bygg som er standardiserte og vil likne din nabo sitt bygg. Du velger sjølv!

Trefokus har laga dette informasjonshefter “Landbruksbygg i tre

Engangspaller, kasser, paller osv.

Tre  gjev eit vakkert gjerde som passar godt inn i norsk natur, enten det er moderne gjerder, tradisjonsbundne som skigard, enkle hungjerder eller anna. 

Våre medlemmer produserer eit breitt spekter. 

Dekkbark, utemøblar, terrassebord, impregnerte materialer, kjernevedprodukt (naturleg impregnert) blir produsert av våre medlemmer.

Massive tregolv og parkett er populære golvmaterialer både på grunn av estetiske og miljømessige eigenskapar. Gran og furu er dei mest brukte treslaga til massive golvbord i Noreg. Av løvtreslaga er bjørk, eik og ask dei mest aktuelle. Norske bygdesager produserer spesielle golvbord med ulike breidder, avsmalning, flaskeskjerte m.m

Kjært barn har mange namn. Kjerneved, al, malmfuru og så vidare er namn som er brukt på kjerneveden som enkelt sagt er den mørke veden som er i sentrum av blant anna ein furustokk. Definisjonen på kjerneved er: “den delen av tverrsnittet si et tre som ikke lenger deltar i vann- og næringstransporten, og som i furu har en mørkere farge enn yteveden”. 

Her finn du bransjenorm for kjerneved

Lafteplank og takåser er produkt som mange bygdesager produserer. Hytter bygd i laftekonstruksjon har ofte furu som materiale, der stokkane er minst 15 cm breide i den ferdige veggen. Tømmeret blir vanlegvis kantskjert på sag, før det blir tørka og levert til laftefirma som gjer hytta ferdig. I laftetradisjonen høyrer det med runde, høvla stokker som bærer taket. Også dette krevjer eit nøye utval av tømmer, vanlegvis av gran.

Trefokus har produsert denne informasjonsbrosjyra: Laft og lafting

Orgnaisasjonen Norsk Laft har utarbeidd bransjenorm for laftebygg. Den finn du her.

Leigesaging, leigehøvling, leigetørking, leigekløyving osv.

Til panel og interiør i ei badstu er det osp som er mest vanleg og anbefalt. Osp er stabilt, krymper lite og inneheld ikkje harpiks. Harpiks er det klissete stoffet som “koker ut” i f.eks. furu og gran ved sterk varme. Osp er eit lyst og vakkert treslag.

Panel og listverk finn ein i mange utførelsar. I tillegg til alle vanlege profilar som ein finn i dagens trelastutval, tilbyr mange bygdesager med høvel kopiering av gamle panel og lister. Omstilling til å produsere små kvanta er enklare enn i storskala industri. Mange medlemsbedrifter har fleire eksemplar på eigne heimesider.
Se dei her.

Rotkne, laftetømmer, takåser, stavlaftvirke, spesialvirke for båt, Bjelker til gamle hus trengs i mange dimensjoner og lengder, sjå også under: grove dimensjoner og lange lengder.  

Takåser, stavlaftvirke, rundstokk, lafteplank, laftetømmer, søyler, stolper, boks, åsestokker, hjørneprofiler, utforinger, dreide søyler.

Bordplater, benkar og andre møblar, eller materiale til denne type snekkararbeid.

Mange bygdesager produserer utemøblar. Ulike design, dimensjoner og fargar gjer at du kan få ditt drømmemøbel. Grove dimensjonar og robust kvalitet!

Du kan få skreddersy dine møblar om du ønskjer det. 

Mange av våre medlemmer leverer standard trelast. Det vil sei lik trelast som du finn på byggvareutsal og dei større sagbruka. Dette er standard konstruksjonsvirke, standard paneler og standard kledning. Våre medlemmer er svært konkurransedyktige på kvalitet og mange leverer også stempla material. 

Norsk Standard blir fulgt både på konstruksjonsvirke og paneler.

Kledning er ein stor produktgruppe, der breidde, treslag og profilar varierer med tradisjon og distrikt. Bygdesagene er fleksible småbedrifter, og kan få fram mange kvalitetar i samråd med kunden. Her viser vi nokon få eksempel: Villmarkskledning og -panel er vanleg ute og inne i hytter. Kanten blir oftast snudd inn, slik at margsida i borda kjem ut og gjev eit stabilt resultat. Bygdesagene leverer spekteret frå moderne kledning til kopiar av gamle profilar til restaurering 

 Norsk Bygdesagforening har utarbeidd normer for ukanta kledning og for ujustert kledning. 

Bransjenorm for ujustert kledning

Bransjenorm for ukantede kledningsbord

Villmarkspanel, ukanta panel, kilekledning, lerkekledning, mesterkledning, ospekledning eller sponkledning kan tilbydast fra norske bygdesager. Gran er det treslaget mange føretrekk til maling. Treslag som osp og lerk, eller kjerneved av eik og furu er eigna til å stå ubehandlet i mange tilfeller, men det er avhengig av klima, riktige beslag og god innfesting med spikre eller skruer.

Det er mange måtar å tekke eit tak på. Norsk Bygdesagforening har produsentar av ulike typer tretak og never til tekking av torvtak. Tak i ulike typer tre er svært vakre og haldbare, men krev god kunnskap om både material og montering.

Sæteråsen Sag er først i Skandinavia til å tilby varmebehandla tre med vakum-metoden (VATRE). Dette er den mest skånsomme og miljøvennlege måten å produsere vedlikeholdsfrie material på.
Uansett kva du ønskjer å bygge kan varmbehandla materiale vere noko for deg. Det kan leverast kledningar til fasade i alle ønskelige profilar, tretak og terrassebord. Alternativet til varmebehandling er impregnering eller maling/lakkering. Det er meir arbeid og ikkje minst mykje mindre miljøvennleg.